Aukande slakting, men framleis underdekning på lam
(16.09.24) Fyrste veka i september er inne i slaktestatistikken. I veke 36 slakta Nortura 40 500 lam med medel slaktevekt 20,1 kg. Det er 500 fleire lam enn same i fjor, men 0,3 kg lågare slaktevekt.

Medel feittgruppe var 2+/2 (5,6 ) og medel klasse R/R+ (8,4). Både feitt og klasse er ca som veke 36 i fjor. Dette er lam med flott slaktekvalitet og kundane gjev mykje ros for Nortura-lamma.
I veke 37 vart det slakta litt færre dyr enn innmeldt, ca 54 300 lam og 2 000 sau.
I veka vi nå er i gang med, veke 38 (16. - 22. september) er det innmeldt 63 500 lam og 2 200 sau. Får vi dette, så er 6 600 fleire lam enn i same veke i fjor. Det er kjærkoment, fordi etterspørselen er stor på Nortura-lam for tida. Dekningsgraden på lam er berre på 78 % denne veka. Det verkar difor som at etterspørselen etter septemberlam er enda større denne sesongen enn i fjor.
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 36, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)